lørdag, februar 20, 2010

Vermelding 20.februar 2010.

Klokka er no 13.20, temperaturen er minus 4 grader. Sist natt var det nokså kaldt, 10 grader minus, minst. Det er eit tynt skylag på himmelen, så sola er ikkje så sterk, men ho skin i alle fall.Nydelig ver.Vi har vore ein tur ut på Rjåneshamna og sjekka forholda der. Halve hamna er islagd.Legg merke til at der er nesten bert i bakkane ovanfor rorbuene.

På heimvegen tok vi ymse krokvegar for å sjå oss litt omkring.Til slutt køyrde vi opp sparkruta mi. I denne bakken var det uhellet skjedde.Det var om lag her eg prøvde å bremse utan resultat. Den dagen var det blank-is, no var der sanda.Sånn delvis.
Då eg vakna i dag, hadde eg ikkje vondt nokon stad, og det første eg då tenkte var at det kunne bli ein sparktur. Det var før eg stod opp. Eg verker ikkje så mykje når eg er i ro, men eg har framleis problem med å gå over golvet. Så det vart altså biltur i staden.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Vakkert bilde frå Rjåneset. Stor skilnad på snømengd der oppe i Ørstafjorden også, som her, Stryn og Sandane har mykje mindre snø enn N.eid. Godt at du har hatt ei verkjefri natt, du lyt vel ta tida til hjelp, kanskje du har forstrakt deg litt?
Eidabesta

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...