onsdag, februar 10, 2010

Vermelding 10.februar 2010.

Så snør det igjen! Ser ut som om vi skal ha snø og klårver annankvar dag. Nils mokar på taket, han har ikkje vore over heile enno. No har han begynt på indste delen av huset, for dørene inne går treigt. Eg føler meg veldig unyttig, som ikkje kan hjelpe til.Temperaturen no klokka 12.00 er minus 2 grader C.
Eg har rydda og styra litt i huset, og så skal eg gjere meg klar til lunsjbesøk hos ei veninne.Det blir nok ingen tur med sparken i dag.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Du må no seie til besten at han må vere forsiktig, du veit kva som skjedde med deg og sparken, men skjønar godt at han atteletar på snøtyngda på taket.

Besta sa...

Han er forsiktig, har tau rundt livetm.m. Han er ikkje så tøff i høyden lenger som han var før, og tek konsekvensen av det.No skal han ikkje opp meir, i morgon er det kommunestyremøte.

Dagbok 2024: 20.april

  Under over alle under, eg fekk til å legge ut bilda eg tok i dag føremiddag, eg trudde det aldri ville skje- Det verste er at når eg endel...