tirsdag, februar 09, 2010

Vermelding 9.februar 2010

I går var det snø og slaps, så i dag var det ut og moke igjen. Men sola varmar, så det smeltar på taket.Klokka 12.00 var det ca 1 kuldegrad.Det er ikkje ei sky på himmelen, så veret er perfekt.
Det vart ein liten sparktur på føremiddagen, og så skal eg ein tur på biblioteket.
Å køyre bil på Vallabøen no, er som å køyre i ein labyrint; men no har dei begynt å rydde kryssa med traktor og køyre vekk snø.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kaldt og flott stjernehimmel på kvelden i går, då eg hadde meg ein tur opp på Golvsengane med broddar.
Eidabesta

Besta sa...

Det er så fint å komme seg ut ein tur. Det får eg stort sett berre når det er sparkføre.................

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...