torsdag, februar 11, 2010

Vermelding 11..februar 2010.

Det blir kanskje fleire vermeldingar i dag. Ein av grunnane til det, er at fleire av naboane er på Kanariøyane og sit sjølvsagt der nede og bekymrar seg over at det skal gå gale heime. Det er det god grunn til, for det snør og snør.
Nils er ute og mokar, men det er lova at det skal klårne opp klokka 13.00.Det ville i så fall vere bra, for han skal på kommunestyremøte klokka 14.00.Då får han vel sitte i ro og kvile seg ei stund. Det er ca 0 grader ute no
Klokka 19.00. Det vart ingen ting av fineveret som dei lova oss på yr.no. Det har snøa eller rettare sagt sludda i heile dag, så snømengda er om lag som den var.Det tinar etter kvart som det dalar ned.Temperaturen er så vidt over 0 grader.Nils er heime frå kommunestyremøtet utan at det har skjedd nokon revolusjon der.


2 kommentarer:

solveig sa...

Her trur eg summen av det som renn av taket, er større enn det som legg seg ...

Bjørg sa...

Vi er interesserte i veret i Ørsta, og følgjer med på bloggen din.
Heldigvis fekk vi moka av taket før vi reiste. Det blir nok tungt det som ligg att no når det tiner og blir vått. Her er det nesten vårstemning. Berre litt snø. Det har vore 0 grader, men er litt kaldare i kveld, 5 - 6 minus.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...