mandag, februar 01, 2010

Vermelding 1.februar 2010

I dag klokka 12.00 var det minus 2 grader C. Det er overskya, men opplett.

Det har ikkje kome noko særleg meir snø, men Nils har funne det klokast å begynne å fjerne snø frå taka.
Når Ø. er ferdig på jobb, kjem han innover og hjelper til. Nils begynner på øvste sida av taket, der er det kortast veg til bakken, elles vil han ha litt sikring.Han har starta på naboen sitt hus, så kjem vårt i tillegg. 
Her i gata er det ikkje mykje hjelp å få- anten er folk på jobb, eller så er dei pensjonistar og ikkje så spreke. Slik er det vel alle stader.
Eg er dessverre ikkje til mykje hjelp med dette prosjektet, så eg styrer med mitt innomhus.
Klokka 15.00. Nils har fått assistanse på taket.


Klokka 16.15. Well done.

3 kommentarer:

Turid sa...

Måtte vi ha hatt litt av den sneen dåkk har ....
Godt at han fikk hjelp ,tungt arbeid det der.

Hildegard sa...

Sikkert godt å få letta snø-tyngda frå taket. Vi let det stå til, det rasa ned ein del då det var mildver, det vil vel helst gå bra.
God veke!

Besta sa...

Vårt eige hus står med snøen på. Det var naboane på Kanariøyane som fekk taket mòka.Ikkje kjekt å vere der nede å attelete på noko heime.Nils kjem kanskje til å ta litt her også, men her er det ikkje så høgt- så om han skulle dette ned........ Taka våre er såpass flate at der ligg mykje snø på dei.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...