torsdag, februar 18, 2010

Vermelding 18.februar 2010.

Klokka er 12.30. Temperaturen ca 0 grader C. Det er lettskya, men sola held på å bryte fram over Melshornet.
Desse vermeldingane er altså nokså like frå dag til dag, men eg er glad så lenge godveret varer.

Klokka 16.00: Sola kom fram og veret vart så fint at det frista med ein liten tur på spark.Men det eg ikkje forstod, var at det var enda glattare i dag enn i går, då eg skulle ned Fonnavegen. Og plutselig miste eg heilt kontrollen. Eg berga meg, dvs.sparken, med å køyre inn i snøbarden, men sjølv hamna eg i vegen(igjen) rett på den vonde hofta, som ikkje akkurat vart betre av seilasen på isen. Trur ikkje eg har brote noko, kom meg i alle fall heim for eiga maskin. Sofaen neste, viss eg kjem meg så langt.
NB: Flaks at eg tok helgavasken f.m. -elles hadde det blitt ei skitten helg.

4 kommentarer:

solveig sa...

Nei og nei kor uheldig! God betring! Du hadde nok vondt frå før!

Besta sa...

Uheldig? -var nok heller litt dumdristig, men det var knallhard is på vegen i dag, før har eg kunna bremse.Den "vanlige" verken er ingen ting mot dette, men viss ingen ting er brote, så blir eg vel bra igjen. Godt det ikkje var hi hofta som fekk det. No har eg i alle fall EIN frisk fot.

Hildegard sa...

Trasige greier, men no har du vel bevist at du ikkje lid av beinskjørhet. Tykkjer du er litt skjyr. Etter at eg braut ankelen for 12 år sidan på isen, har eg passa meg alt for mykje. Men det er tungt å kome i gang igjen etter eit bainbrot, spesielt i vår alder og ein ikkje er lettvektarar lenger.
Eidabesta

Besta sa...

Eg tok samme ruta som eg har tatt kvar dag, og streka med begge føtene, men plutselig var det ingen hjelp i å "bremse"....ei ekkel kjensle.Eg berga med å svinge beint over vegen, så då vart det bråstopp, og eg datt.Har tenkt på om eg skulle ringe legen, i tilfelle det er brot på lårhalsen,men satsar på at det ikkje er det, sidan eg ikkje er blitt verre i dag.Beinskjørheit har eg ikkje, det veit eg.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...