søndag, februar 14, 2010

Vermelding 14.februar 2010.

Klokka er 12.00. Det er overskya, men opphaldsver, og temperaturen er + 1 grad C.
I dag vil vi gratulere Peder med 70-årsdagen , som han feirer på Gran Canaria.
Dessutan vil vi gratulere alle mødrer med morsdagen og absolutt alle med Valentin-dagen, eller "Alle hjerters dag" som den heiter i Sverige.(Her omsett til norsk rettskriving). Og så må vi heller ikkje gløyme at det er Fastelavn, som i år fell saman med dei to andre. Eg synest det er like greitt å slå saman alt i hop!
Sidan vi skeia ut med kjøpepizza i går, blir det ikkje mykje feiring i matvegen i dag. Men ei lita skaprydding som eg hadde føre meg,avdekka ingrediensar til eit Ballj-måltid, noko som vi plar ha ca ein gong i året. Ikkje ein gong i veka som det er vanleg her i bygda, eller VAR i alle fall.Med feitt frå juleribba, får det halde for Feitetysdag også; vi kan kutte ut rømmegrauten, trur eg.Eller hur?
Nils prøver for andre gong i vinter å grave fram båten, men det er ikkje direkte enkelt. Han meiner der var minst ein meter snø oppå kjølen, og viss han skal ha båten fram på vegen, må han flytte fleire tonn med snø. Trur det hadde vore enklare å vente litt, men det kan vere greitt å lette båten litt.
Han har elles vore ein tur ned til nabohuset som han passar på og der er alt i orden.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg held på fleksible feiringar. Rømmegraut i vinterferien ein gong til dømes?
Eg er no ferdig med ein av fire rettingsbunkar. Det vil seie at eg har ca 75 arbeid att ...
Det hopa seg opp med prøver i veka som var. 5 vikartimar gjorde det ikkje lettare å få retta.
Det gjeld å ta seg ut før ferien!

arieldog sa...

Eg får inn om lag 90 elevarbeid til vurdering no i innspurten før ferien...

Hildegard sa...

Ikkje tvil om at de har meir snø enn oss - og på Sandane er det nesten ikkje snø - merkelege greier. I dag har Kristine og eg laga fastelavensbollar etter Grethe Rhode si oppskrift med 8 dl sammalt kveitemjøl fin og 10 dl sikta kveitemjøl. I kremfløyte er det berre 3% karbohydrat, så krem er ikkje så farleg, kunstig sukker gjer same nytta. Gode krembollar vart det for liten og stor.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...