lørdag, februar 13, 2010

Sang, dans og pizza.

I dag har vi vore i Volda på Ungdommens kulturmønstring. Grunnen til at vi stilte opp, var at Ingeborg skulle danse.Ho gjorde det veldig bra, og har god grunn til å vere nøgd med seg sjølv. Ho hadde koreografert dansen sjølv og dansa åleine. Det var ein fin dans.
Der var ikkje så veldig mange danserar, men desto fleire som song, og mange av dei var veldig flinke. Men ingen slår vesle Jeki som vi kjenner frå diverse skuletilstellingar på Folkestad. Ho er eigentlig asiat, men kom til Norge i lag med mor si. Ho syng så ein får frysningar nedetter heile ryggrada, og ho kunne stilt opp i lag med dei beste vi har i landet. Vil tru at ho kunne synge både soul og jazz og det meste anna, stemma hennar er utruleg moden og flott! Og jenta er berre 11 år!
Det einaste eg ikkje var begeistra for var banda som spelte så høgt at det var direkte smertefullt. Eg måtte stikke fingrane langt inn i begge øyra for å halde ut. Og eg har høyrt høg musikk før!
Då vi kom tilbake til Ørsta var vi  ihelsvoltne, for programmet var litt lengre enn vi hadde rekna med. Vi var innom Det lille Napoli og kjøpte med oss ein take-away pizza som vi har kosa oss med. Bildet er eit såkalla "før-bilde"-  etterpå var der ikkje så mykje å fotografere.
Skulle sjølvsagt heller hatt bilde frå tilstellinga, men det er ikkje så godt å fotografere på så langt hald, så vi får håpe Margrete eller Ingeborg har bilde på sine bloggar.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Av og til må ein kunne skeie ut og dette såg godt ut. For dei som må passe seg for karbohydrat og som vil følgjer Fedon, er det vel botnen som er største utskeielsen. Det er ikkje sukker i ost og kjøttdeig.

Besta sa...

Og botnen var ganske tynn! Dessutan hadde eg ikkje ete sidan frokost......Ein finn alltid ein god grunn til å ete noko ein har lyst på.Og vi er veldig glade i pizza.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...