lørdag, februar 13, 2010

Vermelding 13.februar 2010.

Klokka er 12.00 og temperaturen er + 4 grader C. Det er skya , men opphaldsver, og det dryp frå taket i dag.
I snødungen som Nils har moka ned frå taket står fastelavsriset, det kjem ikkje i hus, for eg er allergisk anten mot bjørk eller fjør. Eg spurde ho som selde risa kvifor dei som jobbar i Saniteten sel noko så allergiframkallande. Det er ein tradisjon-OK- men det går an å finne på noko anna! Det er fleire enn eg som plasserer risa ute, for å seie det slik.
Elles skal vi til Volda på Ungdommens kulturmønstring der Ingeborg skal danse.Det tek til klokka 14.00.
Så vil eg ønske alle god Morsdag, Valentinsdag og Fastelavn! Stryk det som ikkje passar.Godt å få slå tre fluger i ein smekk!

4 kommentarer:

solveig sa...

Her har det ikkje vore nokon frå saniteten siste åra. Ho som gjekk her i fleire år er over 90. No trur eg ikkje dei greier å lage nok. Kva betalte du? Meiner eg gav 30 kroner sist eg kjøpte. Kanskje ikkje så rart at dei ikkje lagar nok.

Besta sa...

Eg betalte 40 kr.Når eg snakka om allergi, trudde ho eg ikkje ville ha, men sjølvsagt kjøpte eg.Men eg synest det er mykje arbeid med å lage risa som ingen eigentlig vil ha.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
solveig sa...

Mykje arbeid for liten gevinst, ja.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...