fredag, februar 12, 2010

Prektig husmor?

For at det ikkje skal bli berre ver her på bloggen, kan eg no skrive litt om kva eg har gjort i dag. Det er ikkje så mykje.Men eg har altså vaska og rydda alle skuffene på kjøkkenet- ikkje skapa, det blir ein annan dag.
Eg er så gammal(-dags) at eg plar bruke hyllepapir i skap og skuffer;det har eg ikkje alltid i hus når ånden kjem over meg, dessutan er det eit styr med den klippinga og brettinga etc.
Så i dag tok eg ein ganske fin, men skada, voksduk og klipte i passande bitar og la i skuffene.Det blei fint, og neste gong eg vaskar skuffene, kan eg bruke ilegget om att og om att. Kanskje er det miljøvennlig også. Ikkje veit eg.No trur eg ikkje at eg er den første i verda som har kome på denne ideen.........
Så har eg eit par små knep som hjelper meg å halde nokonlunde orden i skuffer og skap. Det eine er plastkorger i ulike fargar og storleikar, det andre er plastposar med "lås" der eg samlar diverse småting, slik at det ikkje flyt rundt. Sidan eg begynte med dette systemet, ryddar eg skuffene på halve tida. Ikkje at eg har dårleg tid, men kven likar å rydde skuffer-eigentlig ?
Er av og til innom veldig inspirerande interiørbloggar der eg finn masse gode løysingar på det meste.Men det krevst at ein både snikkerer og malar, og det gjer ikkje vi.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Takk for gode tips,kjekt at du har arbeidslyst. Sola gjer vel sitt vil eg tru, i slutten av veka kjem ho her - til skule-vinterferien.

Besta sa...

Når sola kjem blir eg nesten fortvila, for det er så vidt vi ser ut dei skitne glasa, og kvart eit støvkorn syner.Arbeidslyst har eg bra med, det er verre med evna.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...