lørdag, februar 06, 2010

Spenninga over.

Så gikk det som eg håpa og trudde i MGP også. Og tusen takk for det. Didrik syng kjempeflott og ser flott ut.Ein nydelig song er det også.Eg stemte berre to gonger, men alle monner drar, som det heiter.

"Pauseprogrammet" var også heilt topp, særlig vil eg nemne dansaren "Oliver"- han var heilt utrulig.
Alt i alt eit flott TV-show. Ser fram til finalen i mai. Var det den 29?

Tre par vottar vart tova i maskina i dag, på vanlig program og 60 grader, som det stod i oppskrifta.
Dei vart godt tova, for å seie det slik, men fullt brukbare og sikkert kjempevarme.
Kom på at det var noko eg hadde gløymt med dei eg har strikka før og det er å børste dei. Dei skal børstast med ein hårbørste e.l.men ikkje med metalltindar.
Dei lilla vottane i midten er passelige til meg og tenkte til Ingeborg, om ho vil ha dei?
Dei blå vottane passar til litt større hender.No blir det ikkje strikka meir vottar av meg på ei stund, og om eg skulle finne på å lage fleire, skal dei handtovast.Då har ein litt meir kontroll over prosessen. Skulle ønske eg hadde eit gammaldags vaskebrett av glasfiber.......

3 kommentarer:

arieldog sa...

Finalen er på Amandas 10-årsdag :)

solveig sa...

Olaug brukar vottane ho fekk i fjor kvar dag. Dei er kjempegode! Eg har kjøpt meg trepinnar i størrelse 5. I mi oppskrift stod det 40 grader på langt program. Skal ein tove i maskin, trur eg det er lurt å begynne lavt.

Besta sa...

Hadde tenkt å prøve 40 grader, men etter litt diskusjon fram og tilbake, kom vi til at det vart for lite. Når vi tovar med hand, legg eg vottane i kokheitt vatn.
Men vottane er fullt brukbare og store nok både til Øystein og gutane viss de vil ha dei.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...