lørdag, februar 06, 2010

Ulykke eller mordforsøk?

Dette er eit evig tilbakevendande spørsmål i krim-litteraturen. Men historia mi er frå det verkelige (sam-) liv.
I dag var eg altså på sparktur i lag med veninne og hund. Så skulle eg demonstrere korleis eg kunne lene meg framover og legge tyngda på sparken når eg vart sliten i ryggen.Eg la heile tyngda på, og der klappa sparken i hop-og eg med den. Vart liggande på kne og mage, strak ut på vegen, men kom meg opp att ved eiga hjelp.
Litt vondt i knea, men elles like heil. Men det som var mystisk var at både skruar og mutterar var heilt intakt og i orden.
Då gemalen fikk undersøkt sparken, konkluderte han med at han hadde "montert " sparken utan å sette i skruane....forstå det den som kan. Heldigvis skjedde ulykka på flat veg. "Tenk kva som kunne skjedd den dagen eg for i vill fart ned heile Fonnavegen," sa eg. Men gemalen tykte det hadde vore enda verre viss det hadde skjedd den dagen han sat på eit stykke nedover......han som var så pinglete at han sat og streka med føtene heile tida! Ha, ha!!
Sparken vart så montert på ein forsvarleg måte, og eg tok like godt ein tur på nærbutikken åleine. Veit ikkje kor mange år det er sidan eg kunne gjere det utan problem? Gjev det hadde vore sparkføre heile året!!!
NB: Rosa fekk vi med ein nabo fordi vi passa huset mens han var på sjukehus.(Det var no han som skulle hatt blomster, som kom heim frisk og kjekk) Men eg synest liksom den passa her.

3 kommentarer:

Bjørg sa...

Det var ei artig historie. Men det med sparkføre heile året er eg ikkje samd i. Du får sette hjul på sparken, kanskje?

Hildegard sa...

Ja dette var både tragisk og komisk. Nesten så at eg er glad eg ikkje har spark - noko eg ønskjer meg - må nok investere i ein viss det blir fleire slike snøvintrar.
Eidabesta

Besta sa...

Spark er eit fantastisk framkomstmiddel, og min er relativt ny.Brukte mykje spark til og frå skulen før,vesker med tunge bøker, veit du.Men dessverre har det vore smått med sparkføre siste åra, og i sentrum er det verst, for der saltar dei vegane.Her oppe hos oss er det fint å sparke no.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...