fredag, februar 05, 2010

Takk og pris !

Alle veit at eg har heia på Team Aage heilt sidan Korslaget starta. Og eg har ikkje vore i tvil om at dei skulle vinne. Ikkje før i kveld kom tvilen snikande.Team Bjarne har tatt seg kraftig opp på slutten, og greidd seg bra. Men dei har valt relativt lette låtar utan dei store utfordringane.
Heile tida har eg håpa på at eitt av kora skulle tore å synge yndlingssongen min (Bohemian Rhapsody)- og eg jubla då Aage tok utfordringa. Men som programleiaren sa: "Fallhøyden er stor!" Det er ingen lett song å synge. Nemlig.
No er eg ikkje spesielt musikalsk, så eg kan ikkje uttale meg skråsikkert om korleis dei greidde utfordringa, men eg likte showet og eg likte den røffe stemma til solisten, synest den kledde låten.
Det var bra at dei ikkje stilte opp med ein lokal Freddy Mercury, det hadde ikkje funka!
Ingen kjem opp mot originalen!
Og så kjem Bjarne med den lettbeinte Abbalåten som (nesten) alle kan synge bra! Pinglete!
Eg var så nervøs under siste avstemminga at eg måtte strikke for harde livet for ikkje å kollapse.Gløymde nesten å puste- før eg kunne sleppe jubelen laus. Eg hadde blitt bra sur om Bjarne hadde vunne!
Thank you, Aage, you saved my day and my night!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Har ikkje sett dette programmet. Eg er hekta på svensk og norsk krim for tida - og då blir det meir enn nok TV i tillegg til alt ein MÅ sjå. Eg har også sansen for Åge, så det var kjekt han vann.

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...