Klokka er 13.00, temperaturen er 0 grader C, og sola skin frå nesten skyfri himmel. Godveret vil visst ingen ende ta. Synest det er kjekt at fineveret varte denne veka også, for alle dei som har vinterferie og ikkje heilårsferie, som vi.Det som ergrar meg litt er at eg ikkje får vere særlig mykje ute sjølv, det vart ein brå slutt på sparkturane mine.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:27.august
Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +20 grader C. Det var litt vått på gata då eg stod opp, men resten av dagen har vi hatt sol og varme...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
2 kommentarer:
Ja, det vart ein rask Volda/Ørstatur på Elin og meg i går. Eg var fortsatt ganske forkjøla, så det blei ikkje til at vi tok kontakt. Tenkte også at du var sliten etter dagen før. Vi var innom Ellinor på Garnkroken. Der var vi ganske lenge. Og så ein tur ned på Amfiet. Trur eg må ha gløymt posen min (liten kvit med sju eksklusive garnnøster!!) hos Westre kafe eller på KappAhl. Var også innom cubus og doen i 2. etasje. Blei så skuffa då eg oppdaga at dagens fangst var borte. Ringde senterledelsen i dag, men han var ikkje så veldig behjelpelig akkurat. Skal prøve å ringe butikkane når dei opnar, men viss du skal ein tur på byn set eg pris på hjelpa du tilbydde.
Hei, no har eg spora posen min til KappAhl!!
Legg inn en kommentar