fredag, februar 26, 2010

Norge i Curlingfinalen.

Eg har eit inntrykk av at ikkje alle er like godt orientert om den einaste idrettsgreina eg er interessert i  under OL. Når Marit eller Tora eller ein av gutta dreg i land medaljar, ser eg så vidt opp frå bok og strikketøy.
MEN-når det er curling sit eg spikra framfor skjermen. Eg likar ikkje å sjå folk pese og sveitte, men curling-spelet er fascinerande. Heldigvis er Nils også hekta, og eg har ein i Kongsberg som  deler interessa mi. No veit dei fleste at dei norske landslagscurlingbuksene er den største "snakkisen" i Vancouver, det er til og med laga ein song om dei.(Sjå Face Book eller You Tube)
Dei kallar dei "klovnebukser" sidan dei er såkalla "harlekin-rutete." Kongen fekk forresten ei slik, men om han vil kle den er ei anna sak.
I går kveld spela Norge ein forrykande spennande semifinalekamp mot Sveits, så no skal Norge spele FINALEKAMP mor Canada. Då blir det sikkert liv og røre.Har ikkje funne ut kva tid kampen går, men alle med TV-program er vel i stand til å finne det ut.
Om du ikkje likar curling, kan du sjå inn i dei vakre og spesielle augene tilThomas Ulsrud.
Les her

4 kommentarer:

Gjengen framma dala sa...

Norge i finale mot Canada vert ein triller!!! Den kampen skal eg sjå også, og augene til Ulsrud? Til å drukne i...
Likte veldig godt buksene deira og. Tøft at dei tør å vere litt utanom det vanlege!
Me satsar på at Norge gjentek suksessen frå 2002 og vert Ol-meistrar i curling!!! HEIA HEIA!!

Asbjørg

Besta sa...

Har du lagt merke til at buksene finst i to fargekombinasjonar; eg likar best dei som er i raudt, kvitt og blått.Eg gler- og gruar meg til finalen. Canada er jo på heimebane.....

STRIKKEMOR(O) sa...

Tusen takk for hjelpa i dag! Det er godt å vite at garnet ligg trygt i Starevegen :-) Det hadde vore trasig å mista det eksklusive garnet.. Lekkert kva?! Men det har ingen hast. Eg har plenty av arbeid her heime. Strikkar OL-genser til Henning. Den blir kjempefin - flotte fargar!! Og så er det den grå arangenseren då...
Ha ei fortsatt fin helg!

Hildegard sa...

Enig i at det er artig med Curling. Har i grunnen ikkje sett så mykje sidan Pål Trulsen slutta, men ser at han er med som coach no. Ein fargerik person.
Kjekt med stafettgullet i går på skiskyting.
Eidabesta

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...