onsdag, februar 03, 2010

Vermelding 3.februar 2010

I dag klokka 12.00 er temperaturen minus 9 grader C.Sist natt var det 12-13 minusgrader.
Himmelen er klår og blå som aldri før, og vi har nydelig sol.Ho kjem nok til å vere borte nokre minutt, men det er ikkje noko å snakke om.
Nils driv og tek snø frå taket, mest i ytste enden der det er færrast delevegger.
På bildet har han funne tak i takstigen,så han kan sitte trygt.Det er noko som er litt merkelig: Det er han som mòkar, men eg som får vondt i ryggen.
Det vart ein liten sparktur i dag også.Åleine.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.mai

Endelig vart det slutt-på det kjedeligaste TV-programmet ever. Eg såg det berre fordi eg ville ha eit resultat. Songen som vann hugsar eg ik...