Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 11 grader C, det er overskya, men opplett no.
Det har vore ein kjekk dag i dag. Etter at eg hadde vore på trening sat eg heime og strikka ei stund, til Margrete kom, som avtalt. Vi vart sittande å prate til vi bestemte oss for å ete middag ute-på indisk restaurant i Vik.Då vi kom dit var der ikkje ope enno, så vi nytta tida til å fare på Plantasjen og kjøpe kvar si rosebuske.
Så fekk vi indisk mat og den var GOD, og der var mykje. Så mykje at eg ikkje greidde å ete opp alt der og då. Neste stopp var på Starevegen der det vart kaffi og is. Då kom Erlend og heldt oss med selskap, så vart det eit lite familieselskap.
Eg har hatt ein veldig kjekk(og mett) dag. Sidan eg vart låk i foten vart det litt trasig å gå her åleine og ikkje komme meg opp på Vernet ein gong. No håper eg at vi kan få litt bra ver så Erlend kan få klippe litt gras-og eg kan få ordna litt meir i hagen. Det er ikkje akkurat sommarver ute.
Margrete tok bilde av meg og all maten. Det var rause porsjonar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar