Marit var på farten i lag med jentene sine; det var korpsmusikk i sentrum i dag.Men eg køyrde heim att etter at eg hadde vore ein tur på SPAR og sikra meg tre pakkar med spekesild/kryddersild. Det har dei ikkje på KIWI.
Etter kvart vart det veldig fint ver og eg fekk klipt plenen rundt huset, Skråninga orka eg ikkje å begynne på ein gonfg. men eg tok kantklipparen og brukte den litt rundt huset der ein ikkje kjem fram med nok anna.Eg må nok ta att den jobben og gjere det litt finare. Men det var godt å få bruke kantklipparen der som eg før har klipt for hand. Det går litt raskare med klippar.
Det var mykje meir eg kunne gjort ute i dag, men eg har ein dårleg rygg og en låk fot så eg kan ikkje overdrive.
Eg sat ei stund med Marit oppe på benken hennar, før eg tok siste resten av hagearbeidet. Det var litt rart å jobbe ute i dag, for eg har heile dagen hatt kjensla av at det er søndag- men det er det no ikkje.
TV-en min er så lunefull for tida, men eg fekk no sjå det eg ville i dag morgon, så no spørs det korleis det blir i kveld. Når ein sit åleine er det selskap i TV-en.
I morgon er det Øystein som fyller år, det er fødseldagar på løpande band her på denne tida, men vi avsluttar med Solveig sin dag-den 3.juli.-Då er det pause heilt til 26.oktober, då fyller Rasmus år og 24.november er det Erlend som jubilerer.
Her kan de sjå at eg har prøvd og grave fram steinvegen, men er ikkje heilt i mål enno.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar