Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I året 2000 reiste Wenche og Rasmus til Mauritius og gifta seg der, No 25 år seinar har dei reist tilbake dit med dei tre store gutane sine. Eg håper dei får nokre fine dagar i sol og varme.
Her er det verken sol eller varme og i tillegg har eg ein vond for, så eg får ikkje gå tur på Vernet ein gong. I dag har eg sete attmed TV-en heile dagen og høyrt på snakk om bombetokten til amerikanarane. TV-en har vore umuleg i fleire dagar, men i dag har den funka heilt perfekt. Innimellom har eg strikka litt , ete litt og sove litt.
I går kjøpte eg tre pakkar med spekesild ,så i dag fekk eg favoritten min til middag.
Det ser litt rotete ut på tallerkenen, men det varveldig godt. Små nypoteter, rødbeter, tyttebærsylte og grønsaker i kvit saus. (Hadde ikkje kål til kålstuing). Og den silda, den er spå god. Eg har elska spekesild heile mitt liv, og det samme gjorde mor mi. Eg kan hugse at mamma måtte rense silda sjølv den tida, og eg stod spent å venta på resultatet.(Eg ser at eg skulle tatt bildet før eg hadde rota til på tallerkenen)Elles har eg gjort veldig lite i dag, kjem meg ikkje til med noko, enda det er mykje eg skulle ha gjort. Det blir til at eg sit framfor tv-en og strikkar.
Det regnar.Kort og godt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar