søndag, juni 15, 2025

Dagbok 2025: 15.juni



Klokka er no 18.23, temperaturen ute er  + 21grader C.  Tidlegare i dag har det vore overskya og litt regn, så eg har halde meg inne. Som vanleg vakna eg tidleg og klokka halv 7 var det frokost. Etter frokosten gjekk eg og la meg igjen men fekk ikkje sove så eg stod like godt opp. Eg var litt skuffa for at foten min var såpass vond, for i går var den så bra. Den kom seg til etter kvart. Og eg har ikkje tatt medisin i dag.

Då klokka hadde passer 12, kom Marit ned, ho var også heime åleine, så vi sette pris på selskap. Eg hadde ikkje så mykje å by på, så det vart is og kaffi og mykje prat.

Elles har eg strikka og sett TV for det meste. Når eg ser ut på hagen er det ikkje så veldig gale, men det er det "prosjektet" mitt eg ergrar meg over. Eg skulle spade opp og så grasfrø med blomster i, men eg trur ikkje eg får gjort det med det første. Det hadde vore ein jobb for Wenche, men ho er ikkje her no. Det var ho som fullførte "Prosjektet" mitt i fjor.

Eg håper det blir så tørt at Erlend kan få klipt Skråninga. Elles er her nokså ryddig og bra. Dagane mine er litt lengre enn vanleg no, fordi eg ikkje får gå på Vernet -og eg møter heller ikkje så mykje folk som vanleg. Men eg har mykje eg kan styre med her heime viss eg absolutt vil gjere noko. Eg er glad for at foten ikkje er verre enn den er-men eg har vore bra i så mange år at det var trasig å få smertene tilbake. Men dei blir kanskje borte igjen?

No er det ikkje lenge att før lærarane og skule-elevane i familien får sommarferie, og då har vi mange fødselsdagar å feire. I dag er det Hilde på Eid som fyller år, heile 60 år har ho blitt. Det er ikkje til å tru. Gratulerer med dagen, Hilde!

                                                             Fager kveldsol



Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 15.juli

 Klokka er no 20.35, temperaturen ute er +29 grader C, og det har vore sol og fint i heile dag. Eg stod opp grytidleg , som vanleg, men la m...