Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 graderC og det har vore mykje regn i dag. Eg vakna tidleg i dag og stod opp mange gonger. Marit skulle ikkje på trening, så då skulka eg også, eg var ikkje opplagt til å fare på trenng med 1 fot. Eg var i grunnen ikkje opplagt til noko. Så egsette meg til å strikke.
Etter kvart kom eg meg ut og fekk planta rosetreet som eg kjøpte på Plantasjen.
Så kom eg på at eg kunne sjå om Erlend var heime,og det var han. Så han fekk sen og sette på eine kantklipparen min. Det var veldig kjekt for eg har aldri fått det til og vore avhengig av hjelp. Viss eg har brukar kantklipper slepp eg å sitte rundt omkring med saks og klippe. Det er travelt og det tek tid. Eg prøvekøyrde klipparen og den funka fint, men så begynte det å regne så voldsomt art det var ikkje ute verande.
Eg har mykje eg kan gjere men eg kjem meg ikkje til med noko. Eg skuldar på veret.
Men så fekk eg så lyst på middag med brun saus så eg sjekka kva eg hadde i hus. Det var ikkje så mykje, men eg hadde mykje poteter, ei lita pølse fann eg og frosne grønnsaker. Så eg berre måtte ha den brune sausen, så den laga eg og den var god, eg får aldri så god saus andre stader som den eg lagar sjølv-etter min smak. Det vart god middag og eg åt godt -så rydda eg opp att og sette meg inn til TV-en og strikka. Trur eg sovna litt også. Eg blir veldig trøtt og trasig i dette veret og no er vi snart ferdig med første sommarmånaden.
Tru eg må finne meg ein kaffikopp og sjå om eg blir litt kvikkare av den.Eg saknar veldig å gå tur på Vernet.
Sur junidag,
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar