onsdag, november 28, 2007

Juleservise.

Desse julegraut-tallerkane kjøpte eg til Solveig & fam.for nokre år sidan. Kjøpte vel ikkje alle på ein gong, men har supplert litt, og så har det vel vore litt svinn?
Kjøpte kaffikoppar til Rasmus og dei i same mønster, og tenkte å supplere med fleire i år.
Men så er altså serviset gått ut av produksjon.Fekk kjøpe resten av tallerkane som dei hadde her, 10 stk.,til halv pris, men koppar hadde dei ikkje att.
Viss nokon av dykk som les dette kjem fram på dette serviset,dvs.kaffiservise og grauttallerkar, er det fint om de sender meg ei melding.

Elles har vi hatt besøk av Margrete og ungane i dag, og så kjem ungane att på laurdag og skal overnatte til sundag. Margrete og Lars skal handle julegåver og så skal dei i selskap om kvelden.

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Det var eit fint servise, ja! Eg skal sjå etter det på Kala neste gong eg er inn der. Morosamt det du fortel om den gamle kista. No er ho full av garn! For nokre år sidan hadde eg plass til heile garnlageret mitt der, men no har eg mange plastkasser med lokk i tilegg.....

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...