onsdag, november 14, 2007

Restegarnprosjekt.


Som dei fleste andre som har strikka nokre år, har eg ei heil kiste full av restegarn, og mange av restane er så små at dei ikkje er brukande til nokon ting. Då elevane mine lærte å strikke, var ei av oppgåvene å lage ein slange. Då vakna konkurranseinstinktet mitt, og eg fann fram garnrestar og strikka kvelerslangen Monte Pyton. Elevane kontrollmålte han til 2,40 meter, og han vart såleis den lengste slangen i klassen.
Alle barnebarna, med unntak av dei to eldste, har leika med slangen, og det ber han preg av; eine auget har falle av og han er noko slapp i tunga, men elles still going strong.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Artig slange, fint tips til formingslærarane! Du har jammen ein flink fiskar i huset, han fekk vel god opplæring i oppveksten ute i havgapet, no ein nyttig og fin hobby som pensjonist. Eidabesta.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har vore utan internett eit par dagar, men i dag blei det heldigvis fiksa! Stilig slange ,ja! Har ofte tenkt på å lage ein slik, men det har ikkje blitt enno...

Elin sa...

Flott tunge på den slangen... Ja, har laga slike med elevar eg og, men den tunga var av eit eige kaliber! Ha ei fin helg!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...