fredag, november 16, 2007

Utsikt frå altanen vår.

For nokre dagar sidan hadde Solveig eit bilde på bloggen sin som viste utsikta frå altanen deira mot Melshornet.
I dag legg eg ut eit bilde som viser utsikta frå VÅR altan mot VÅRT Melshorn. Ikkje så veldig ulikt, kanskje? Dette bildet vart teke i dag klokka 12.00 og veret har ikkje endra seg til det betre sidan den tid. Dessverre.
Nils og eg var ein liten tur til Volda og kjøpte ekte julepølser hos Jacobsen. Dei skal vi ha med til den store samlinga på sundag.
Var innom Nettstrikk. Kjøpte berre eit nøste med garn, men tigga brosjyrar.Har ikkje bestemt meg for kva genser eg skal strikke til Eivind enno. Er litt redd for å begynne på for store prosjekt- i tilfelle eg ikkje greier å fullføre.
Men eg er stadig optimist- i alle fall prøver eg å vere det. God helg til alle.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, ja veret er det same. Men er det ikkje eigentleg fint novemberver om det ikkje er så fint septemberver.......
Solveig

Anonym sa...

Det var ni grader her i går, så då er det nesten sommar! Dessutan er det fint shoppingver. Ingeborg og eg hadde ein dametur til Eid i dag - eg fekk kjøpt meg kjole! Svært lurt å ta med den mest kritiske i butikkar, i staden for han som synest alt er fint, men som står og ser ut vindauga... Melde meg på julebord på jobben den 14., og den kjolegreia har plaga meg. Likar best dongerifestar.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...