tirsdag, november 06, 2007

Snø i Ørsta!

I dag ligg det delvis kvitt på markene for andre gong i år. Det kan gjerne komme snø for min del, men då skal det vere kaldt og sparkeføre. Så kjem eg meg kanskje ut ein tur? Som de ser har Nils laga tak over rododendronane, men tulipanløkane er enno ikkje komne i jorda.Det er alltid noko ein ikkje får gjort, har eg oppdaga.
Elles har eg avslutta korrespondansen med Telenor, etter at eg fekk svar frå Sveits om at eg har "bestilt" ei teneste om skjermsparar og bekrefta tinginga. Ja,ja, men det har eg altså ikkje gjort. Bevisst i alle fall. Så no skal eg snart ladde mobilen igjen.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det låg ikkje mykje sparing i det, kan det høyrest ut som.
s

Besta sa...

Driv framleis og korresponderer med Telenor. EG hadde eigentleg lagt lok på saka.Men skreiev i "avskjedsbrevet" til dei at eg var skuffa over at Telenor selde kundelistene sine til så useriøse aktørar......bla ...bla... bla

solveig sa...

Uansett så burde ikkje folk kunne "seie ja" til noko utan å vitte om det.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...