lørdag, november 03, 2007

Blå anemonar.

Har venta på sommaren til denne tid, men no må eg visst gi opp. Dei stakkars blomstrane som har prøvd å pynte opp ute, har også gitt opp.
Men no har det kome ei ny "feme"(dille) blant oss priviligerte fruene her i Starevegen: Kunstige blomster! Det som var heilt UT er no INN igjen. Har de sett kor mykje fint det finst av kunstige blomster i butikkane? Eg er ikkje så opptatt av at dei skal sjå "ekte" ut, som at dei skal vere dekorative. Desse kom eg heim med i dag, men så passa liksom ikkje vasen heilt, så eg må kanskje shoppe meir. Kvar skal det ende? Jammen har dei vore heldige med Amfi her i Ørsta - den einaste plassen å gå ein tur ut når det regnar. Vi tek ein tur på Amfi !!!!

6 kommentarer:

solveig sa...

Du får gjere som Finn Schøll, ein blomst i kvar vase. Du veit mi meining om kunstige blomster.

Besta sa...

Ja, mange meiningar om det, men vi fruerne har altså kome fram til at det er LOV. Basta.Eller skal eg klippe orkideane??

Anonym sa...

Eg kan omsette Soul til norsk og scanne mønsteret til deg! H

Besta sa...

Har du fått deg scanner heime? Du skal no ikkje ha så mykje bry for mi skuld, men eg tippar fleire er interesserte.
Ser at eg bør halde meg til "småarbeid" når det gjeld strikking. Blir vel ein gong klok av skade eg også.

Anonym sa...

Nei, eg har ikkje fått scanner heime enno, men B&S har. Men eg kom på at eg kan sende eit word dokument som vedlegg til mail....Eg får sannsynlegvis god tid neste veke. Er sjukmeldt til 11. nov. pga. hovudet. Eg har ikkje vore så bra dei siste dagane, men i dag er eg betre, men eg veit ikkje om det varer. Legen sa at eg skulle vere i ro ei veke til. H

Besta sa...

Synest det er litt skummelt med hovudet ditt. Ei nabojente var ute for noko liknande for nokre år sidan. Ho vart heilt bra att, men det tok si tid.Lykke til.Stress ikkje med den oppskrifta, eg har nok å henge fingrane bort i.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...