tirsdag, november 06, 2007

Skurekostproblemet løyst?????


Som de veit var eg på jakt etter eit gammaldags skurekost-skaft, men har ikkje vore så heldig å finne eit.
I dag fekk eg ein ide. Hadde eit moppeskaft som eg ikkje brukar så mykje. Fekk Nils til å sage til framstykket slik at det passa til kosten og sette kosten fast med skruar. Pointet var at kosten skulle vere litt bevegelig! Og det er han!!! Kanskje i meste laget?? Skulle no vaska og shina opp skaftet før eg tok bilde, men eg var så ivrig etter å vise fram den nye oppfinninga. No blir det kanskje nyskura dørstokkar å sjå framover.

2 kommentarer:

Marie sa...

Sånn kan ein ordne det når ein er nevenyttig! Skikkeleg praktisk og fin kost! Kor har du kjøpt dei blå anemonene? Eg er så glad i blå anemoner. Dei såg ekta ut for meg!

Kamera mitt er eit FUJIFILM FinePix F31 fd digital kamera. 6.3 MegaPixels. Eg er veldig nøgd med kamera! Eg kunne nok utnytta det mykje meir om eg tok meg tid til å setta meg inn i alle finessene... Det skal vere enkelt og brukarvennleg, men eg er lite flink til å øve.

Ha ein fin dag :o)

Besta sa...

Takk for svaret. Yngste dottera mi er også på jakt etter nytt kamera, så ho er sikkert også interessert.
Det er slik med oss også at vi orkar ikkje å sette oss inn i alle tekniske finessar på ting vi kjøper.
Dei blå anemonene kjøpte eg på Glassmagasinet her. Blir litt mobba av eldste dottera mi som har grøne fingrar.Ho godtek ikkje kunstige blomar, men eg ser på det som ein fullt akseptal dekorasjon.Mykje fint på markedet.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...