fredag, november 09, 2007

Farsdag

Går ut frå at alle har registrert at det er farsdag på sundag. Eg vil med dette ønske alle fedrar og bestefedrar til lykke med dagen!
Solveig kom med orkidé i går, og slike er alltid velkomne i heimen- ja, både blomster og barn, sjølvsagt.
På bildet under kan de sjekke veret i Ø i dag. Eg ville jo gjerne ha snø, og merkar at det er lysare i dag enn i går. Så takk for den! Håper alle har velskodde bilar, men likevel: Køyr forsiktig.
God helg!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Vi har vore mykje sjuke her dei siste vekene. Oddvar har vore heime frå jobben heile veka med influensa, og det er ikkje ofte det skjer! Eg har også vore ganske dårleg denne veka og meir eller mindre sengeliggjande. Det har vore mest hovudet, men eg har nok hatt litt influensa i tillegg. Føler meg litt betre no, så måtte det berre vare.....
Eg er sjukmeldt komande veke og. Det er litt krise på skulen for tida, veldig vanskeleg å få vikarar. Men Ole har fri komande veke og skal jobbe som lærarvikar for fyrste gong....det skal bli spanande! Hilde

STRIKKEMOR(O) sa...

God helg forresten!

Besta sa...

Inne på Bjørneset har Erlend hatt feber nokre dagar og i kveld låg Lars på sofaen innetulla i pledd og fraus, så det er vel noko på gang.Skal godt gjerast å ikkje bli smitta når ein har nærkontakt med små born.Kjekt at Ole får prøve seg litt. Eg var berre 18 år då eg fekk lærarjobb i Trovågen. Og sjå korleis det gjekk! God betring til alle!!!!

Anonym sa...

Lars er oppstanden! Vi hine går rundt med halsverk og tette naser, men det kan vi leve med. Eg sit med rettingsarbeid, men tok meg ein tur i skogen med bikkjene før på dag. Dei storkosar seg i snøen!Og ja, det vart lysare. Ingeborg og Lars er ute og sel kakeboksar til inntekt for neste års Polentur. Av same grunn har vi droppa helgebaksten, farsdag eller ikkje, og så et vi småkaker i staden. Dei får fungere både som laurdagsgodt og farsdagskake - det er forresten basar på Folkestad i morgon, så då kan faren kjøpe seg meir kake vis det er behov...

Besta sa...

Fekk du mobilmeldinga mi der eg skriv om gåvene til Erlend?

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...