mandag, november 12, 2007

Genser og lestar i Fabel.


Har strikka mange lestepar i Fabel, og så prøvde eg meg på ein barnegenser. Strikka str.6 år og hadde eigentleg tenkt den til Eivind, men så syntest vi den såg litt liten ut.
Fordelen med å ha mange barnebarn er at same kva eg strikkar så passar det til ein av dei. Sidan Erlend er eit nummer mindre og fyller 4 år no i november skal han få genseren, med lester i same garn. Bildet blei dårlig, som vanlig. Det KAN vere fotografen det er noko i vegen med.
No er eg på leit etter ein annan modell til Eivind. Ikkje for tjukk, det er tungt å strikke.Nokon som har ein god idé ?

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Så fin gensaren blei! Kanskje du kan gå inn på Drops design og sjå etter mønster. Trur der skal vere mønster på raglangensarar i alpakka eller fabel...

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg var inn og såg no, og der er nokre fine gutegensarar i alpaca. Fabel og alpaca kan visst nok brukast om kvarandre! Synest den er kjempefin den som er i dobbelt garn med litt strukturmønster opp, men det blir vel litt for tungt å strikke med dobbelt garn..Søk på barn og alpaca så ser du kva for ein eg meiner!!

Besta sa...

Takk for tipset. Har vel fortalt at døtra til veninna mi jobbar med bl.a. Internettsidene til Drops-i Gøteborg.(Det er ho veninna som voks opp i Høgelihuset). Har vore inne på Drops før, så eg finn vel fram? Problemet mitt er at eg ikkje kan SITTE noko særleg......
Det er surt!Elles er no genseren eg strikka finare enn på bildet!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...