torsdag, november 29, 2007

Peparkaker


Har framleis permen frå den tida eg jobba som heimkunnskapslærar. Desse kakene laga eg veldig mange gonger, både på vanleg skulekjøkken og på juleverkstad med vaksne hjelparar. Det er ein stor deig, han bør kjevlast relativt tynt, men fordelen er at han kan brukast straks; treng ikkje stå kaldt etc.Ser at Solveig skal legge inn si oppskrift i morgon, så eg ville berre komme henne i forkjøpet. Her blir det konkurranse heimkunnskapslærarar imellom.
PS: Eg likar ikkje peparkaker!!!!

2 kommentarer:

Elin sa...

Flott Olaug! Trur ikkje eg treng å legge ut mi oppskrift, hehe. Men har du nokon gode kvite kakemenn, sånn til skulebruk, meiner eg? Ja, du veit, eg styrer med det eg og, 12 t/v.

Marie sa...

Ja nå er det tid for småkaker igjen. Hos meg er det ikkje sju sorter lengre, eg lagar dei eg veit fell i smak. Eg pleier alltid å lage krumkaker og somoftas kvite kakemenn. Elles lagar eg noko som heiter "Vepsebol" og konfektkaker. Eg kan kanskje legge ut oppskrift og ta bilete av dei når eg kjem så langt.

Ha ei fin adventstid :)

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...