søndag, desember 02, 2007

1. sundag i advent


No er Bjørnaset-ungane på veg heim. Nils køyrer dei over med ferja. Det var kjekt å ha dei her. I går hadde vi ein artig dag. Var på kjøpesenteret og på basar på Kulturhuset.Det var revmatikarane som hadde utlodning, og så var det underhaldning ved Halkjelsvika spelemannslag. Det siste var grunnen til at vi møtte opp, så fekk ungane sjå farfaren i aksjon på scena med gitaren sin.Dessverre hadde vi lite kontantar med oss, så vi kjøpte berre tombolalodd. Pengar til kaffi,saft og kaker fekk vi låne med Ingeborg. Det var mykje folk ute, men ingen nissar så vidt vi kunne sjå. Ungane fekk velje middag, og det vart Taco. Er ikje sikker på om det fall i smak hos dei yngste? Det vart mykje TV- titting sidan den nye barnekanalen opna i går. I dag er det julegrantenning på Straumshamn. Vi har brukt å vere der somme år, men i år høver det ikkje slik.Det er 1000 ting som skjer på denne tida av året, konsertar, basarar, juleavslutningar etc.etc. Så det er nok å gå på for dei som vil og kan.

Har så vidt begynt å pynte litt til advent, men ungane sov så godt og lenge at føremiddagen forsvann!!Erlend har ikkje overnatta her ofte, så han tykte det var stas å ligge i barnesenga som ein gong var tante S si.Bildet er frå første legging.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt. Du må gå inn på ny blogg
- Hildegard - som strikkemor har laga til oss. Skal få opplæring med henne. Mykje styr her også, eg var med svigerdøtra og lisjejenta på lysmesse. S I var på jobb. Konfirmanten i fam. var lysbærar i lag med resten av kullet. Stemningsfullt. Laurdag var det opning julegate og juletretenning i sentrum. Besten er litt redusert for tida. Skada seg i høgre armen ved eit fall i stige. Ikkje brot, men blå og stiv. Tek nok litt tid før han er bra igjen. Hels!
Eidabesta.

Besta sa...

Greidde ikkje å finne bloggen din. Må vel ha ei adresse?
Det er Ø som er konfirmanten dykkar neste år går eg ut frå. Ingeborg skal også konfirmerast.Trasig at besten har skada seg, og så i høgre armen! Det tek vel ei tid før han blir arbeidsdyktig igjen.Rasmus og eg er samde om at dei ikkje skal ta ut på reise i jula. Om veret og helsa tillet det kan vi ta ein tur nedover litt seinare på vinteren.N. har sett båten på land.Hels besten god betring.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...