mandag, november 19, 2007

Feiring av tre raske menn.

I går var vi på Bjørnaset og feira Erlend og dei to bestefedrane hans som alle fyller år i november.
Der var det fullt julebord med både får og svin, pølser og medisterkaker. Trur ikkje nokon gjekk svoltne frå bordet!
Solveig hadde laga den vidgjetne karamellpuddingen sin, og vi hadde kjøpt denne kaka til Erlend. Ikkje at ungane bryr seg så mykje om marsipankake, men dei likar pynten.Synest at bakaren her er flink å pynte etter alder og kjønn!
I dag skein sola, og Nils fekk sett tulipanløkane som har lagt på vent nokre veker i håp om at regnet skulle ta slutt.Sola er attom Melshornet no midt på dagen, men ho kjem att seinare.
Eg nytta høvet til å henge ut teppe og vaske golv.Får litt ekstra inspirasjon når sola kjem og avslører at det verkelig trengst.
Klokka 13 skal Nils på møte i FUM der han er vararepresentant inntil vidare.Synest det er nesten like mange politiske møte no som før, til tross for at han ikkje lenger er innvald i kommunestyret.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...