fredag, november 23, 2007

Juleførebuingar.

Sjølv om eg ikkje har tenkt å gjere all verda til jul,kan det vere greitt å begynne i tide.I dag tok eg fram sølvtøyet og pussa det, noko som eg gjer berre ein gong i året og knapt nok det.Sant å seie var det berre gaflane som verkeleg trong ei opp-shining. Det meste var heilt OK. Det har sine grunnar:
1. Sølvtøyet er ikkje så ofte i bruk.
2. Eg vaskar det for hand, ikkje i maskin.
3. Eg oppbevarer alt sølvtøy i lufttette plastposar av den typen de ser på bildet.

Desse posane er berre alle tiders til mange ting. M.a. brukar eg å samle småting i dei i staden for å la alt ligge laust i skuffene. Så brukar eg dei når eg er ute og reiser til å ha shampoo og andre flasker o.l. i, slik at eg slepp å få toalettveska tilgrisa. Ja, dei er verkelig kjekke å ha. Kjøper dei på Tybring Gjedde i Kongsberg, dei finst i mange storleikar, og dei finst vel også på våre kantar?



5 kommentarer:

Elin sa...

Jamen santen, du blei visst først ute med juleførebuingar, hehe.... Ja, slike posar er veldig nyttige, kanskje du kan starte eit agentur for oss sydamer? Vi får nokon liknande på Mega, men desse ser kanskje betre ut. Når eg er med på stoff- eller blokkbyter, er det praktisk med slike, og når eg førebur fleire SBS-blokker, er det fint å ha dei i posar adskilte.
Synd eg ikkje oppdaga at du ville ha lodd...Det blei mora til studenten som vann brikka! Men du veit, melder du deg på Play it forward, får du ei handlaga gåve frå meg... Svært betenkjeleg at ingen har meldt seg, eg er nok ikkje så attraktiv likevel, hehe...
Og dersom du har eit spesialynskje til jukeboxen, må du kome med det, helst utanlandsk, der var ikkje så mykje norsk, akkurat. Ha ei fin helg!

Besta sa...

Det er nok ikkje det at vi ikkje gjerne vil ha handlaga gåver frå deg; heller det at vi ikkje veit kva VI kan gi vidare.
Eg tenkte ikkje BERRE på gevinsten då eg ville vore med på lotteriet. Det var ei fin sak! Tenk om vi gav til dei som verkelig treng noko i staden for å kjøpe dill og dall som ingen treng? (Ja, EG gjer ikkje det...berre alle andre?) God helg.

solveig sa...

Eg kan berre legge til at kopar og sølvpuss er ein fin aktivitet når ungane treng pengar til julegåver!

Anonym sa...

Når ein skal gje pengar er det kjekt å vite kva dei går til. Kanskje det er egoistisk, men slik er det for meg. Det var ikkje så kjekt å høyre at det var dårleg styring på tsunamipengane t.d. I fjor kjøpte eg ei geit til pappa gjennom Kirkens Nødhjelp. Etterpå las eg at pengane ikkje nødvendigvis gjekk til det, men til dei som trong det mest. I år skal dei visst gå til det ein sponsar. Og så kan ein kjøpe ei t-skjorte som tilleggsprodukt. Den skal vere kuul.
Solveig

Besta sa...

Mi meining er at det er altfor mange hjelpeorganisasjonar. På den måten MÅ det bli mykje organisering.Betre om dei store organisasjonane vart knytta opp til UNICEF t.d. Trur eg!
KUULE og særleg GULE T-skjorter er fin presang til pappa.
Elles er det umulig å gi til ALLE gode formål. Vi gir fast til Redd barna og SOS-barnebyer.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...