lørdag, mai 02, 2026

Dagbok 2026: 2.mai



 Klokka er no 17.32, temperaturen ute er + 5 graderC , og det har vore overskya og regn det meste av dagen. Eg har ikkje gjort mykje i dag, men fekk no vere med naboane på butikken så eg fekk rikeleg med mat i huset.

Eigentleg skulle eg ikkje ha vore her i dag, eg skulle ha vore i Oslo i bryllaupet til barnebarnet Audun,og forloveden Elisabeth. Då dei var her i fjor sommar snakka vi om det. men då dagen  begynte å nærme seg, forstod eg at det var betre å halde seg heime. Eg er tross alt 86 år, og eg brukar både briller og høyreapparat, og eg visste ikkje heilt om eg ville klare å passe meg sjølv i Oslo. Det er lenge sidan sist eg var der. Og då Margrete skreiv at ho hadde fått hotellrom i 22.etasje vart eg letta for at eg hadde trekt meg. Eg likar ikkje hus som er meir enn 2 etasjar. Eg snakka med Audun då han var her i påska og forklarte kvifor eg ikkje ville komme. Erlend reiste heller ikkje for han er heime og passar hundane. Men elles trur eg alle i familien vår har møtt opp.Eg har allereie fått bilde frå dei, vigsla var i Akershus slottskirke

Audun er utdanna jurist, og jobbar i forsvaret. Han har tittelen Major no. Eg hugsar majoren i Stomperud, Audun liknar ikkje på han.



1 kommentar:

bodilingeborg sa...


Gratulerer med barnebarn Audun og Elisabeth sitt giftarmål. Vakkert bilde frå vigsla.

Dagbok 2026: 1.juli

Det er vel mange som har fått med seg at eg måtte kjøpe meg ny grasklippar, og no er den på plass. Det var Solveig og Øystein som kjøpte den...