fredag, mai 01, 2026


 


Klokka er no17.25, temperaturen ute er  +18 grader, sola skin ikkje så mykje no, men det har ho gjort før i dag: vind har vi også hatt. Det første eg gjorde i dag, var å ha opp flagget, og det vaja fint i vinden. Eg vart sittande lenge framfor TV-en og sjå historiske hendingar, mest frå Einar Gerhardsens tid. Det var interessant, og det er godt å få ei oppsummering av det som var. Det er vel det vi har denne dagen til, å minnast -og sjå framover-

I morgon skal det vere bryllaup i Oslo. Det er Audun som gifter seg med Elisabeth, og heile storfamilien var invitert, men vi fann ut at eg ikkje skulle vere med, for eg har så mange problem, med å høyre til dømes. Eg må no bruke høyreapparat viss eg skal snakke med frammande i alle fall, og så er det briller som skal inn i same hola som, høyapparata......nei det vart litt for mykje for meg, så eg valde å vere i ro. Erlend er heller ikkje med, men han er ikkje her med meg i dag, for no passar han dei tre hundane til Margrete og Amanda.

Rasmus og familien køyrer vel frå Kongsberg i morgon, dei andre er på hotell. Margrete og Svein hadde fått rom i 22. etasje  på eitt av hotella.-Nei, bra eg blir heime  for eg likar ikkje å bu i høge hus.

I dag har eg i grunnen ikkje gjort anna enn å ete, og så var eg oppe med Marit ei stund og sat ute og sola oss.

Handa mi var bra då eg la meg i går , og den har vore rimeleg bra i dag også, men eg må vere forsiktig med å bruke den, særleg på datamaskina -så det er best å slutte av.

På bildet over ser vi dei raude Rhododendronane  til Marit, dei er så fine. Eg har ei slk buske nede på plenen min, men i dag måtte eg ta vekk fleire daude greiner, men den kjem no med blomster den også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 1.juli

Det er vel mange som har fått med seg at eg måtte kjøpe meg ny grasklippar, og no er den på plass. Det var Solveig og Øystein som kjøpte den...