Klokka er no19-00, temperaturen ute er + 13 grader C og det er sol.. Då eg stod opp i dag hadde eg ingen plan for dagen, så eg begynte å stelle litt i hagen. Eg vart fort lei, så då Marit kom ut på platten gjekk eg opp til henne. Der vart eg no sittande lenge, men vi sat i sola og bruna oss-kanskje? Eg tenkte at eg kunne gå ein tur på Vernet seinare i dag. Då eg kom ned til meg sjølv kom Erlend "som bur i kjellaren til bestemora". Han ville hjelpe meg med å flytte på karmen som eg har samla hageavfall i. Vi fekk løfta av karmen,men eg er ikkje sikker på kva eg skal gjere med den. Eg vurderer å sette den på om lag samme plasse og bruke den til å samle gras i. Vi får sjå kva det blir til.
Vi begynte å snakke om klipping og eg fortalde at den nye startaren som eg har tatt godt vare på ikkje virkar, og det demonstrerte eg. I mellomtida fann Erlend eit anna batteri som han prøvde på klipparen -og den starta straks. Eg må ha bytta om dei to startarane ein eller annan gong. Men eg vart sjølvsagt glad for å få klipparen til å gå, og så klipte eg heile plenen nedan for huset. Det få vere nok for i dag-
Ein ting har vore godt i dag, eg har ikkje hatt mykje vondt i handa. Men så har eg heller ikkje vore mykje på datamaskina
Etter jobbinga hadde vi is og brus og kaffi på kjøkkenet. Når Margrete, Svein, Amanda og Martin reiser til Oslo skal Erlend vere på Folkestad og passe alle hundane (3). Og det greier han godt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar