Klokka er no 17.13. Temperaturen ute er +18grader og sola skin Det har bore fint ver i heile dag, og eg har vore mykje ute. Eg trudde eg skulle få gjort litt av kvart i hagen, men er er dessverre litt låk i hender og armar, så eg få ikkje gjort alt eg vil. I går prøvde eg å ta Paracet og det hjelpte godt ei stund,men så var det slutt- Eg likar ikkje å ta så mykje tablettar, men litt kan eg no ta. I dag var eg veldig trøtt før middag, men så kom eg på at eg hadde tatt ein ekstra sovetablett i går kveld fordi eg ikkje fekk sove. Det å ha vore ein kraftig tablett for eg sat og halvsov nede på plenen. Noko fekk eg gjort, men det som blir problemet no er at klipparen ikkje funkar, fordi eg ikkje får start på den. Og dette er litt for vanskeleg for meg å finne ut av. Eg ser fram til at Rasmus kan komme for han får til det meste.
Laurdag 2. mai skal nesten heile slekta i bryllaup, for då skal Audun gifte seg i Oslo. Eg var også invitert, men fann ut at det vart litt for tavelt for meg , som verken høyrer eller ser så godt. Eg får vel eit referat frå dei som stiller opp. Erlend blir også heime-han skal passe hundane til Margrete og Amanda-
På ettermiddagen i dag har eg sete oppe på platten med Marit, det er så varmt og fint å sitte der og sjå ned på vegen. No kan det hende at eg tek meg ein tu på Vernet for å få litt mosjon men eg har ikkje heilt bestemt meg enno.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar