søndag, mai 10, 2026

Dagbok 2026:10.mai

Klokka er no17.22, temperaturen ute er +5 grader C og no regnar det litt igjen. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet og der var det opplett mens eg var der. I dag har det vore ein slik dag her hos meg at alt går liksom på tverke.  Eg hadde store planar med kva eg skulle gjere i hagen, men så kom eg brått på at det var sundag, og dessutan begynte det å regne og blåse litt, og eg vart sittande mykje med TV-en men mest med  datamaskina. Der sit eg og ser på "reels and short videos"  m.m. Til slutt tok eg meg sjølv i nakken og kledde på meg og gjekk på Vernet. Det hjelpte litt på humøret. Veret har vore litt skiftande i dag, av og til har sola vore framme, men mesteparten av tida har det vore overskya, med litt regn av og til.

Eg hadde ikkje med meg fotoapparatet i dag, men skulle ta litt bilde når eg kom heim. Men så var der noko tull med telefonen igjen, så eg får ikkje bilda over på datamaskina. Eg er ikkje heilt venner med telefonen, som eigentleg ikkje er ein telefon , men ei datamaskin. Men "telefonane" er vel komne for å bli og meir og meir legg dei inn der. Dei unge greier vel å lære seg alt-men ikkje eg. Håper på fint ver i morgon slik at eg får gjort hagearbeid._Men det ser grått ut.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:10.mai

Klokka er no17.22, temperaturen ute er +5 grader C og no regnar det litt igjen. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet og der var det oppl...