mandag, mai 11, 2026

Dagbok 2026:11.mai


 Klokka er no 21.00, temperaturen ute er +6 grader C og sola skin. Det har ikkje vore så varmt ute i dag, men veret har vore fint, trur vi har hatt sol heile dagen, men er ikkje heilt sikker på det.

Etter morgonstellet var eg oppe hos Marit ei stund, men så gjekk eg heim og skulle gjere litt hagearbeid. Potetåkeren gav eg opp etter å ha prøvd å få vekk nokre store røter, så begynte eg å klippe plen i staden, og det gjekk no sånn passeleg bra, neste post på programmet var å ta opp løvetannrøter og det gjekk fint, der var rikeleg å ta av, og sidan naboen heldt på med det samme fekk vi prata litt.

Så gjekk eg inn for å lage meg litt mat, og mens eg åt kom Erlend heim og best det var hadde han klipt ferdig heile plenen, og der var så fint!!  Sidan plenen har fått stått urøyvd så lenge, var der mykje som vi ikkje ville ha der, men no var alt vekke. Ein god jobb hadde Erlend gjort. Og takk for det.

Eg gjekk inn for å ete litt, men gjekk ut att for å gjere litt meir. Då tok eg og klipte de vesle plenen oppe mot gata, der er ikkje så mykje å klippe men der er ein del å rake vekk etc. Etter at eg var ferdig med det gjekk eg ned att på plenen, men då var eg begynt å bli lei, så det vart ikkje meir i dag.

Eg tviler på om eg greier å få utvide potetåkeren, men eg har ikkje gitt opp enno.Eg likar veldig godt å styre på i hagen,men det blir litt for mykje for meg åleine viss eg skal få alt i orden. Vi hadde no mykje meir bær og frukt den tida Nils var frisk og jobba i hagen. Eg kan ikkje greie så mykje, men eg kosar meg med hagearbeid og så får eg gjere det eg kan-om det ikkje er så mykje.

Det er no enno tidleg vår.Sola skin fint ute no, og eg håper vi kan få ein fin 17.mai,men vermeldingane er ikkje så oppløftande.

Mamma kunne så mange gamle fyndord, om ver for eksempel: April snø og mai kulde gjør bondens løer fulle. Så får vi sjå om det stemmer. 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:11.mai

  Klokka er no 21.00, temperaturen ute er +6 grader C og sola skin. Det har ikkje vore så varmt ute i dag, men veret har vore fint, trur vi ...