tirsdag, mai 12, 2026

Dagbok 2026 -12.mai


Klokka er no16.56 og temperaturen ute er +16 grader, og det er opplett. spla er innom av og til, men det har ikkje vore så varmt i dag.Eg stod opp relativt tidleg, og åt frokost , men så var eg så trøtt at egla meg nedpå igjen-og sovna. Men etter at eg hadde vakna skikkeleg, gjorde eg eit dagsverk i hagen. Såda sola er på austsida på føremiddagen, valde eg å jobbe der. Eg renska opp i garasjebeddet , mellom anna. Der er fint no med blomstrande tulipanar. Tok også og rydda attmed husmuren før eg vart svolten og måtte ha mat- Eg såg at Marit sat urte, så eg tok med meg kaffikoppen og gjekk opp til henne og sat og prata ei stund. Eg har mykje meir å gjere i hagen så eg håper på mykje fint ver framover. I morgon får eg vel heller styre på inne, sidan det går mot helgedagar og huset treng ein vask etc. Sidan eg ikkje har bil hopar det seg vel opp med sekker som skal på VØR, men det blir vel ei råd. I morgon vert det vel som ei helgaftan og då må eg handle litt igjen-eg synest eg kjøper mykje mat-så då må de no vere eg som et mykje?

Det går fint med handa mi å jobbe ute, eg trur det er datamaskina som gjer den vond. No skal eg fiinne meg litt frukt å ete. 
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026 -12.mai

Klokka er no16.56 og temperaturen ute er +16 grader, og det er opplett. spla er innom av og til, men det har ikkje vore så varmt i dag.Eg st...