onsdag, mai 13, 2026

Dagbok 2026: 13. mai.



 Klokka er no19.21, temperaturen ute er +10 grader og det er skya. Eg hadde tenkt å gå ein liten tur på Vernet,men slo det frå meg. Eg kan heller gå i morgon.

Det mest gledelege for min del i dag at handa ikkje er vond lenger, men heilt bra er eg ikkje, for skuldrane er ikkje heil gode, Men det er ein bagatell. I dag hadde eg avtale med Margrete om at ho skulle komme når ho var ferdig på skulen og så skulle vi handle begge to i lag. ho slutta tidleg i dag, men eg rakk å ta "fredagsvasken " før ho kom. Eg var låk i ryggen etter alt hagearbeidet i går, men no er eg bra igjen.

Vi handla mat etc, på COOP i Furene, både Margrete og eg, men då vi køyrde heimover fann eg ut at vi/ eg måtte ha noko på KIWI på Vallabøen  også. Så no har eg mat lenge , trur eg/ ikkje.

Eg brukar å seie til folk at det dei får viss dei kjem til meg , er is og kaffi. I dag hadde eg kjøpt ein is i raudt, kvitt og blått. Den måtte vi smake på, for den var ny.Då kom Erlend opp frå kjellaren, så då var vi tre. Og tre generasjonar. Kjekt!

Då eg vart ålene laga eg meg litt mat som skulle vere middag og etter det har eg ikkje gjort noko, berre slappa av.Men dagen har gått veldig fort.  Eg har ikkje gjort noko i hagen i dag, og i morgon er det helg, og der står mykje på vent. Eg forstår ikkje skikkeleg at det er kveld alt, men eg har no fått på TV-en;håper vi kan få sjå noko kjekt i dag, ikkje berre krig og elende.

Orkideen på bildet fekk eg av Solveig på fødselsdagen min i mars og den står like fin enno.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 13. mai.

 Klokka er no19.21, temperaturen ute er +10 grader og det er skya. Eg hadde tenkt å gå ein liten tur på Vernet,men slo det frå meg. Eg kan h...