Rasteplassen i dag
Klokka er no18.30, temperaturen ute er +10 grader og det har regna så smått heile dagen, trur eg.No har eg nettopp gått igjennom ein heil del for å komme inn att på Bloggen min; alle slags opplysningar skulle dei ha, og eg hugsar som vanleg ikkje alt. Heldigvis hadde eg skrive ned passordet. Men så spurde dei etter alderen min, og etter det spurde dei ikkje meir.
Det er så sjelden eg må logge meg inn at eg gløymer alt. Men no får eg i alle fall skrive, men det er ikkje sikkert eg gå legge inn bilde.
I dag har eg vore her heime åleine heile dagen, eg har for det meste sete framfor TV-en.Handa mi er rimeleg bra no, men fingrane er tjukke og stive så eg må sitte å gni dei nesten heile tida, Eg venta på betre ver, men så gav eg opp og gjekk ein tur på Vernet sjølv om det regna litt.
Det har hendt veldig lite her hos meg i dag, så eg har ikkje mykje å skrive om. Eg ser at dei lovar ikkje godt ver til 17.mai. Dett er trasig, for dagen er ikkje det samme i regnver.
Der har vore folk på Vernet og pynta til 17. mai. Vi ser det ikkje her på bildet ,men der er flagg på alle gjerdestolpane , eg har talt flagga før om åra , og der er over 100.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar