fredag, mai 15, 2026

Dagbok 2026: 15.mai

Klokka er no 20.37, temperaturen ut er +9grader og det er delvis sol. Det er litt spennande med veret no når det nærmar seg den 17.mai, for den dagen betyr veret mykje, sidan det er så mykje som går føre seg ute -

Eg hadde ingen særlege planar for dagen i dag, men då eg såg at veret var såpass tenkte eg at eg kunne gå ein tur ned på gravplassen og sjå korleis der står til. Bil har eg enno ikkje, men eg tenkte eg kunne ha godt av å gå ned.

Så eg rusta meg ut med det eg trong, og så gjekk eg.Hendene og armane mine var ikkje heilt gode, og slett ikkje ryggen, men eg måtte no prøve å kome meg ned, og eg kom fram-så vidt. Det som eg har peika på lenge er mangelen av benkar på gravplassen. Der er berre nokre få og dei er langt oppe i bakken. Eg hadde stort behov for å kunne sette meg ned, og der var ei redning; tre nye benkar ikkje langt unna, så eg fekk sette meg ned ei stund så eg kom meg litt, men eg lurte på korleis eg skulle komme meg heim. Eg har ei venninne som bur i nærleiken av gravplassen, eg kunne ringe henne, men eg bestemte meg for å prøve å gå heim sjølv. Og ved KIWI-butikken er der ein benk, så det kunne bli redninga. Får eg kvile ei stund ,kan eg gå vidare ,og heim kom eg.

Er seier ofte at om der hadde vore sittebenkar rundt omkring, kunne eldre folk gått meir. Oppe på Vernet er det mange benkar, så der går det fint å ta ein runde.

NB: Det er ikkje føtene mine det er noko i vegen med, det er ryggen, særleg no når eg har hatt så mykje bøy og tøy-

Etter at eg hadde ete og kvilt meg litt, gjekk eg ut i hagen og tok opp ei bøtte med løvetannrøter. Gjorde litt anna også, men vart fort lei. I mellomtida var veret blitt så fint at Marit hadde sett seg ut på platten, så då gjekk eg opp til henne og sat der til det var på tide å gå inn.

I morgon kjem Solveig på besøk, og ho handlar til meg viss det er noko eg skal ha, eg tenkjer no mest på å få noko fint til grava. Eg såg ein mann i dag som skulle pynte på ei ny grav. Han hadde fått med seg mange fine plantar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 15.mai

Klokka er no 20.37, temperaturen ut er +9grader og det er delvis sol. Det er litt spennande med veret no når det nærmar seg den 17.mai, for ...