lørdag, mai 16, 2026

Dagbok 2026; 16.mai




Dagen før dagen

Klokka er no 20.47, temperaturen ute er + 13grader C, og det er opplett.Eg håper det kan bli bra ver i morgon også, med tanke på alle som skal ut og gå i tog, særleg borna. Eg husgsar frå min eigen barndom kor vi gledde oss til 17.mai. Og eg hugsar litt frå min første 17.mai-feiring, det var i 1945, og vi budde i Innvik hos besta og besten. Det var ikkje så mange dagar etter at krigen var slutt, og eg var misunneleg på eine fetteren min fordi han hadde fått gått fredsmarsj. Det var vel ein kvan som hadde lukta lunta, så eg fekk gå fremst i 17.-maitoget og halde i ein dusk som kom frå ei fane. Det var stort. Eg var 5 år.

I morgon trur eg at eg kjem til å halde meg heime og sjå på feiringa på TV, det har eg gjort mange år no, og det er heilt OK. Kanskje set vi oss i lag, Marit og eg.

I dag skulle Solveig kome med ein blomst til grava. Men ho hadde meir med enn det- to sortar med gode kaker kom ho med. og  Øystein var også med, og barnebarn/oldebarn frå Volda som skulle heim att. Eg synest alltid det er kjekt å få besøk av barn og barnebarn-og oldebarn

Eg var ikkje i så god form tidleg på dag, då var handa mi låk, men no kjenner eg ikkje noko vondt i hendene mine lenger.  Eg håper eg held meg smertefri for eg har så mykje å gjere i hagen; eg har rota der til, så eg vil gjerne rydde opp att, eg veit kva eg skal gjere så det er berre å sette i gang.

I dag fyller eldste guten til Rasmus, Eivind, 24år. Han er no ferdig med lektorstudiar i Tromsø. Så han bør få ein dobbelgratulasjon !Tida går så fort, det er ikkje så lenge sidan eg køyrde han i barnevogn i Kongsberg, synest eg.

Så vil eg ønske alle som er innom her ei fin 17.mai-feiring.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026; 16.mai

Dagen før dagen Klokka er no 20.47, temperaturen ute er + 13grader C, og det er opplett.Eg håper det kan bli bra ver i morgon også, med tank...