søndag, mai 17, 2026

Dagbok 2026: 17.mai


Klokka er no20.26, temperaturen ute er +8 graderC, og no skin sola. Bildet over tok eg på Vernet, men eg har dessverre ikkje tatt mykje bilde i dag.

Eg har hatt ein roleg 17. mai., har sett mykje TV , men elles har det vore veldig fredeleg her. Marit er blitt så mykje betre no at ho kan kone ned til meg, så vi sat i lag og såg TV. Vi såg ein aldeles nydeleg konsert med  Sissel Kyrkjebø, det kan godt hende eg har sett den før, men den var like fin uansett. Vi sat stille og høyrde på songen utan å prate. Så diska eg opp med kaker som eg hadde fått med Solveig i går, eg skal helse frå Marit å seie at kakene var veldig gode . (og det var dei) Det blir litt annleis feiring når ein er på veg til 90 enn det var i yngre dagar- men alt til si tid . 

Då Marit gjekk opp att, tok eg på meg uteklede og gjekk opp på Vernet. Der var det fint pynta i dag meg flagg på annankvar "gjerdestolpe" slik det plar vere; eg såg berre to andre på turen min i dag, så eg hadde benkane for meg sjølv og kunne bruke den tida eg ville. Etter at eg kom heim måtte eg ha meg litt mat, og så blei det TV igjen. Det er mykje selskap i TV-en når ein bur åleine.

No nærmar klokka seg 21.oo og no skin sola ute, så eg håper på ein fin dag i morgon. No må eg hugse på å ta inn flagget i tide. Håper alle mine har hatt ein fin dag. Fekk Erlend slå på tromma i dag?  

 

                                          Eg var ut på altanen og tok inn flagget no-kl  21-
                                 det ser ut til at vi kan få det fint i morgon

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 17.mai

Klokka er no20.26, temperaturen ute er +8 graderC, og no skin sola. Bildet over tok eg på Vernet, men eg har dessverre ikkje tatt mykje bild...