Eg har jobba med dette litt innimellom, men det har gått seint, for først måtte eg ha vekk molda frå kassa, og det har eg jobba med ei stund. Men kvar skal eg gjere av molda, eg treng den ikkje , men eg tenkte eg kunne legge den på den gamle jordbæråkeren så lenge. For jordbæråker er der ikkje lenger. Eg spadde opp den ein jordbærsenga før eg la mold på. Men der var mykje mold i bingen, så i dag har eg begynt å fylle i den andre jodbærsenga- men det går ikkje fort, og arbeidet er tungt, så eg kom ikkje i mål i dag heller. Erlend er ikkje heime i dag; han er grei å ha med seg på slikt arbeid. Eg kom ikkje i mål i dag heller; meininga er å få vekk all molda som var i"kassa", slik at vi kan begynne å fylle på igjen. Det er greit å få kompostere graset heime, så ein slepp å køyre på VØR heile tida, og no har eg heller ikkje noko å køyre med- Dessutan får ein fin mold frå komposten når den står lenge nok. Dette er det eg altså styrer med for tida.
Nede i skråninga hadde vi før 2 jordbærsenger, men etter at Nils slutta med hagearbeid greidde eg ikkje å stelle alt skikkeleg, så då vart de slutt på jordbærdyrking.No brukar eg jordbærsengane til å legge molda på. Erlend og eg har snakka om å sette poteter, det skulle gå bra i den eine senga, i alle fall-Viss ein skal ha ein fin hage og dyrke både frukt og bær, så krevst det ein god del arbeid. Vi har hatt all verdens plommetre og bærbusker og mykje anna, men det har minka veldig etter at eg vart ålene meg hagestellet. Eg likar å styre i hagen, men eg greier ikkje så mykje lenger.Men eg har no Erlend som hjelper med grasklipping m.a.
Eg kunne gått ein tur på Vernet i dag, men det vart ikkje noko av.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar