lørdag, mai 09, 2026

Dagbok 2026: 9-mai


Klokka er no19.24 ser eg- eg fekk nesten sjokk, for denne dagen har gått veldig fort, utan at eg har gjort noko særleg. Eg venta på at Einar skulle komme og køyre meg til butikken, det var ikkje så viktig, men eg venta på å få høyre meir om Oslo-turen og bryllaupet, og då var det no greit at her kom ein journalist. Eg låg lenge i senga før eg stod opp, for eg visste kva til han skulle komme; og han kjem som regel på minuttet.

Etter å ha prata litt køyrde vi ned til ALTI og kjøpte svarte plastsekker til hageavfallet. Eg stakk bortom brødbutikken og kjøpte wienerbrød som vi skulle ha til kaffien. Maten som eg skulle ha kjøpte eg på KIWI på Vallabøen.

Einar skulle ikkje vere her så lenge, men vi fekk no tid til å drikke kaffi og snakke om bryllaupet i Oslo-og det var no kjekt for meg å høyre, eg var invitert, men møtte ikkje opp-. Eg gjorde ikkje noko særleg etter at Einar hadde reist heller, men etter ei stund varma eg opp att middag frå i går, som eg åt. Elles har eg berre lata meg og sett litt TV, og no synest eg det er litt seint å gå tur på Vernet, så det får bli i morgon.

Temperaturen ute er no+7 grader,og det er overskya. Trur det har regna litt også-

På bildet kan de sjå ein liten brun flekk i plenen, det er potetåkeren som Erlend og eg skal lage til. Det kan hende den blir litt større med tida. Eg håper det.

Ønsker alle ei god helg!
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 9-mai

Klokka er no19.24 ser eg- eg fekk nesten sjokk, for denne dagen har gått veldig fort, utan at eg har gjort noko særleg. Eg venta på at Einar...