onsdag, november 16, 2022

Dagbok 2022: 16.november


 Klokka er no 16.53, på trappa er det +8 grader, men eg synest det kjennest kaldare ut enn det. Det har vore fint i dag også, men langt frå så fint som det var i går. Det var folk i bygda som hadde hatt + 16 grader i går. 

Sola har vi berre i små porsjonar no, rett som det er er den bak eit fjell, men det er visst ingen som har oversikt over kva tid den blir heilt borte, for vi er ikkje vande med sol i november. 

Bildet over tok eg etter at eg hadde stått opp i dag, som de ser er månen på plass.. Eg treng ikkje å stå så tidleg opp, men det er om morgonen eg verker i rygg og fot, så då er det best å røre litt på seg.

I dag var eg på spanskkurs frå 11-13 og så handla eg på KIWI på heimvegen. Då eg kom heim laga eg meg god middag, pølse og potetstappe. Eg åt altfor mykje. Eg sette meg inn og såg  TV etterpå, og strikka litt-augene heldt på å dette igjen, men eg sovna ikkje heilt. 

I morgon skal kanskje eit par av naboane mine køyre vekk diverse "boss" frå bygge-perioden min. Eg synest det er litt flaut, men sjølv greier eg det ikkje.

I går pusssa eg stuevindua på innsida-men i dag då sola kom såg det ikkje ut. Eg går ut frå at det var på utsida skiten sat, så der må eg vaske ein gong til. Det vart nokså tilgrisa under takleggingsperioden.

Eg "kipte meg", som vi seier her, då eg høyrde orda "søndag i advent" på TV-var vi komne så langt at vi snakkar om advent ? Ja, ikkje komande søndag, men søndagen deretter begynner adventstida. Det kom litt brått på. Men desse fine dagane vi har hatt no gjer at førjulstida ikkje vert så lang og mørk. 

Eg har ikkje gjort det skapte grann her i huset i dag, men vurderer å begynne på spanskleksa til neste veke først best, for eg var ikkje så flink i dag som eg burde ha vore.(Det var ikkje dei andre heller-i alle fall ikkje alle.)

Eg har fyrt i omnen i kveld, og kjem vel til å strikke ferdig eit lestepar. Trur eg snart må få meg eit skikkeleg strikketøy. Men eg treng ikkje så mykje meir enn eg har, og så strikkar no både Solveig og Margrete store mengder med all slags strikkaklede.Så eg er på ein måte overflødig når det gjeld strikking.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...