fredag, november 25, 2022

Dagbok 2022: 25.november




 
                            Desse bilda tok eg frå altanen i 14.30-tida

                                   Eg har ikkje vore ute i dag-

Klokka er no 17.35, temperaturen ute er + 10 grader, og det er no heilt nydeleg  samanlikna med kulden som vi fekk smake litt på før i veka. I dag har sola vore framme så vidt, men vi har ikkje så mykje sol her no.

I dag var det fredag og vaskedag, det gjekk litt seint i dag med jobben, for eg hadde vondt i ryggen etter strabasane i går, så eg måtte ha mange pausar. Etter at eg hadde vaska begynte eg å pynte til jul. Før i tida pynta eg føtst til advent med diverse lilla, men dei seinare åra har eg pynta med julepynten litt etter litt i adventstida. For no er det ut med julepynten etter nyttår-før kunne vi ha juletre og julepynt til langt ut i januar for ikkje å snakke om februar.

Eg er ikkje ferdig med pyntinga enno, for eg skal no ha ut ein dørkrans med lys i og så skal eg ha lys i "ryggebuska" mi. Eg får  no håpe at eg hugsar korleis eg skal stillle lysa slik at dei ikkje lyser heile tida, for då må eg skifte ofte batteri.

Eg har hatt julepynten i kjellaren siste åra og ikkje på loftet for då kunne eg ikkje ta den ned åleine. Eg har mykje pynt, og noko har eg sett fram i dag, men eg har mykje att. Det vesle juletreet som står på eit bord er ikkje heilt i water lenger, så eg skal kanskje skifte det ut. Det er ein del arbeid med pyntinga, hente fram ting, stryke løperar etc. Eg kjøpte ei ny julestjerne i vinduet i fjor, men den gamle veit eg ikkje om eg skal ha opp i år. Eg har no tid å tenke på det. Eg må finne ein fin krans til grava også, det bør eg vel gjere i morgon.

Eg hadde middag att frå i går, så eg kokte berre ris i dag -så vart det litt variasjon, sidan eg hadde poteter i går. Eg fekk ein liten snarvisitt av ei venninne som kom med tulipanar. Ho fortalde at ho var plaga med helvetesild (eg visste det frå før) ho blir ikkje kvitt den, den ligg latent og gjer seg gjeldande i periodar. Eg trur det er slik med meg også, for eg var heilt bra nokre dagar, men så kjenner eg den igjen. Men eg tek det ikkje så tungt, så lenge eg veit kva det er og at det blir litt av og på. 

I morgon må eg på butikk, det har ikkje vore så mykje shopping i det siste, for Marit har hatt influensa og ikkje vore ute. Eg synest ikkje det er så kjekt å gå på butikkar åleine.

Komande veke er det spansk på onsdag før middag og klokka 15 er det julebord, torsdag skal eg til frisør klokka 10. Det er same tida som vi har på trening, men eg skal ikkje trene denne veka heller, trur eg. I tilfelle blir det berre på tysdag.

Eg slappa av ei god stund etter middagen i dag. Med lydbok. "Den lange, hvite skyens land" les eg no. Eg har lese boka for mange år sidan, og då likte eg den godt. Etter ei tid kom det framhald til boka, men då hadde eg gløymt den første;  derfor les eg den om att no før eg skal lese bok nr.2. Viss det blir noko av.

Eg synest det vart så nydeleg med dette mildveret som kom no-og utan regn, skulle ønske vi kunne ha det slik heilt til jul. Men det er vel for mykje å forlange.

Sidan det er fredag no igjen vil eg ønske alle ei god helg.








Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...