mandag, november 21, 2022

Dagbok 2022: 21. november.


 Så fint var det ute ca kl.15 i dag, det har vore mykje rim i graset, men så lenge snøen held seg vekke er eg fornøgd.

No er klokka 16.50, Temperaturen ute er minus 2 grader. Sola har vore på besøk i dag også, men berre korte stunder i 10-tida og 14-tida.Eg likar ikkje kulde, men eg likar snøen enda mindre.

I dag tenkte eg å begynne å tenke på jula. Eg pussa alt av kopar og messing som eg har i stova. Det pussemiddelet eg har er veldig lettvint å bruke, aberet er at tinga blir fort stygge igjen, så det kan hende eg må pusse ein gong til før jul. Eg har leita på butikkane etter gammaldags pussemiddel , men har ikkje funne det,

Det er ikkje mykje eg bakar til jul, men eg plar alltid lage  krumkaker, så det gjorde eg i dag. Brukte Ingrid Espelid  si oppskrift og det vart 33 kaker i boks.

Eg skal no bake meir, men det blir helst "runde" kaker, småkaker bryr vi oss ikkje så mykje om.

Eg tok fram fiskesuppa som var att etter i går, og der var meir enn eg trudde, så det vart nok i dag også.

Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal gå på trening eller ikkje i morgon. Eg gjekk ein tur på Vernet i går for å teste foten, den var litt vond i dag tidleg , men det gav seg relativt fort, dei tre siste dagane har eg ikkje tatt smertestillande. Men om foten toler trening, veit eg ikkje utan å prøve det. 

Etter at eg hadde ete middag køyrde eg ein tur på butikken, det må eg gjere mens det er lyst, og handla inn litt til diverse eg må ha for å lage noko til jul. Greitt å ha noko i frysaren om det skulle komme eit menneske.

Eg hadde gløymt kor korte dagane var på denne tida av året, men så lenge vi slepp snø, skal eg ikkje klage; såg at dei hadde fått problem med snøen både her og der, den kjem visst like uventa kvar år , ser det ut til.

No skal eg ta meg ei økt med spanskleksa før eg tek fram strikketøyet og set på TV-en. Eg veit ikkje om vi har ein eller to gonger att på spansken  før jul. Onsdag i neste veke er det i alle fall julemøte i pensjonistlaget. Eg har meldt meg på.




Denne planten har eg fått av Solveig, det er så kjekt å ha blomster inne no når det snart er slutt på blomstringa ute. Såg at rosene som var att heldt på å fryse i hel.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...